Crying tiger lamb

crying tiger lamb

Denne retten kunne ikkje anna enn å få heite sitt originale namn….! Namnet kjem visstnok av at lammet er så krydra at det kan få ein tiger til å hyle. Då ringde mine “norske-sterk-mat-alarm-bjeller” med eingong, og vi nedjusterte talet på thaichili som fekk vere med. Du kan sjølvsagt velje å lage det så sterkt du vil;)

Crying tiger lamb

Til ca 4 personar treng du:

  • 4 lammekotelettar
  • 1 neve frisk koriander

Marinade:

  • 1 ss solsikkeolje
  • 2 ss thai fiskesaus
  • 1 ss soyasaus
  • 1 ss palmesukker el. brunt sukker
  • 3 fedd kvitløk
  • 1 ts svart peppar

Saus:

  • 2 ss thai fiskessaus
  • Safta frå 1 lime
  • 1 ts sukker
  • 1-3 thaichili (vi brukte 1 1/2, utan frø og hinner)
  • 1/2 liten løk i små bitar

Ris:

  • 1 kopp jasminris
  • 2 koppar vatn
  • 1 klype salt
lam

Slik gjer du:

  1. Rør saman marinaden, finhakk kvitløken.
  2. Ha lammekotelettane i ein plastpose og hell marianden i. Legg i kjøleskapet og la marinere i minst 2 timar, gjerne over natta.
  3. Rør saman alt til sausen og set til side.
  4. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  5. Legg lammekotelettane over i ei eldfast form, og set inn i omnen. Skru ned til 180 grader og steik til kjøtet slepp beinet. Det tek ca 20-30 min.
  6. Skyll risen godt i eit dørslag før du har den i ei kasserolle. Ha i to koppar vatn og salt og legg på lokk. Kok opp og la småkoke på svak varme (utan å røre) i 15-20 min.
  7. Hell sausen og frisk hakka koriander over dei varme kotelettane og servér med ris til.
lammekoteletter

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!