Crying tiger lamb
Denne retten kunne ikkje anna enn å få heite sitt originale namn….! Namnet kjem visstnok av at lammet er så krydra at det kan få ein tiger til å hyle. Då ringde mine «norske-sterk-mat-alarm-bjeller» med eingong, og vi nedjusterte talet på thaichili som fekk vere med. Du kan sjølvsagt velje å lage det så sterkt du vil;)
Crying tiger lamb
Til ca 4 personar treng du:
- 4 lammekotelettar
- 1 neve frisk koriander
Marinade:
- 1 ss solsikkeolje
- 2 ss thai fiskesaus
- 1 ss soyasaus
- 1 ss palmesukker el. brunt sukker
- 3 fedd kvitløk
- 1 ts svart peppar
Saus:
- 2 ss thai fiskessaus
- Safta frå 1 lime
- 1 ts sukker
- 1-3 thaichili (vi brukte 1 1/2, utan frø og hinner)
- 1/2 liten løk i små bitar
Ris:
- 1 kopp jasminris
- 2 koppar vatn
- 1 klype salt
Slik gjer du:
- Rør saman marinaden, finhakk kvitløken.
- Ha lammekotelettane i ein plastpose og hell marianden i. Legg i kjøleskapet og la marinere i minst 2 timar, gjerne over natta.
- Rør saman alt til sausen og set til side.
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Legg lammekotelettane over i ei eldfast form, og set inn i omnen. Skru ned til 180 grader og steik til kjøtet slepp beinet. Det tek ca 20-30 min.
- Skyll risen godt i eit dørslag før du har den i ei kasserolle. Ha i to koppar vatn og salt og legg på lokk. Kok opp og la småkoke på svak varme (utan å røre) i 15-20 min.
- Hell sausen og frisk hakka koriander over dei varme kotelettane og servér med ris til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.