Steikt ris med kylling og ananas

Fried rice with pineapple

Denne retten fann eg i ei av mine nyinnkjøpte kokebøker her i Asia. Boka omhandlar Thaimat som ein kan lage til kvardags, og dette er ein av dei rettane. Kokar du ekstra ris til middag dagen før har du utgongspunktet for denne middagen. Steiker du i tillegg kylling og bacon på førehand er retten klar på få straksar. Det beste er sjølvsagt å bruke fersk ananas, men om du vel å bruke hermetisk skal ikkje eg seie eit ord til nokon;) Men du; få tak i fersk koriander og mynte – det er verkeleg det som gjer denne retten til nydeleg Thaimat!

Til ca 4 personar treng du:

  • 1 ananas i bitar (evt 2 små hermetiske boksar)
  • 2 egg
  • 1 ts salt
  • 1 klype peppar
  • 2 ss solsikkolje el. kokosolje til steiking
  • 2 fedd kvitløk
  • 1/2 løk
  • 1/2-1 chili (gjerne thai-chili)
  • 400-500 g kokt jasminris
  • 2 ss fiskesaus
  • 1 ss soyasaus
  • 400 g kyllingfilet
  • 150 g bacon
  • 100 g grøne erter (gjerne frå frysaren)
  • 1 neve hakka frisk koriander
  • 1 neve hakka frisk mynte
steikt ris med ananas

Slik gjer du:

  1. Del kyllingen i bitar og steik. Legg til side.
  2. Del bacon i bitar og steik. Legg til side.
  3. Visp sampan dei to egga med salt og peppar. Steik egga medan du rører heile tida du har ei litt våt eggerøre. Ha over på ein tallerken og set til side.
  4. Hakk løk, kvitløk og chili i små bitar. Fres i litt olje på høg varme til løken blir blank.
  5. Ha i risen og steik i to-tre minutt.
  6. Ha i fiskesaus og soyasaus, bland godt.
  7. Ha i kylling, bacon og erter og fres vidare til alt er varmt.
  8. Ha i egga, ananas, koriander og mynte og fres i 1 minutt.
  9. Klar til servéring!
Steikt ris med kylling og ananas

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.