Oksehalesuppe
Oksehale er noko eg har drøymt om å finne i butikken etter å ha sett Kokkekarla koke på det på hennar instagram-profil, og lest om oksehalekraft som skal vere noko av det beste ein kan få. Dermed var eg rask med å fylle handlekorga då eg fann dette på butikken; No skulle det endeleg blir oksehalesuppe!
Eg kokte kraft (den kokar seg vel eigentleg sjølv) ein heilt vanleg kvardagskveld og kunne dermed raskt servere oksehalesuppe etter jobb og barnehage dagen etter. Om du vil lage alt på ein dag byrjar du berre tidleg på dag og let krafta koke i minst tre timar før du gjer siste finnish på suppa.
Til 2-3 personar treng du:
Kraftkoking:
- 6-8 oksehalebitar
- 1 løk
- 1 raud chili, utan frø og hinner
- 1 gulrot
- 1 stang stangselleri
- Salt og peppar
- Vatn
Suppe:
- Oksehalebitane reinska og delt i bitar
- 1 løk
- 2 stenger stangselleri
- 4 poteter
- 2 gulrot
- (Du kan fylle på med dei grønsakene du måtte ha/har lyst på)
- Frisk persille på toppen
Slik gjer du:
- Del løk, chili, stangselleri og gulrot i grove bitar. Legg dei i ei gryte saman med oksehalebitane og fyll på med kaldt vatn til alt er dekka. Krydre med salt og peppar.
- Kok opp og la småkoke i minst tre timar. Fjern skummet som dannar seg på toppen for å få ei klar kraft.
- Fisk ut oksehalebitane og legg desse til side. Sil krafta gjennom eit dørslag og kast grønsaksrestane.
- (Skal du vente til neste dag med å servere avkjølar du krafta og set den i kjøleskapet saman med oksehalebitane.)
- Reinsk oksehalebitane for kjøt og del i små bitar.
- Reins og del løk, stangselleri, poteter, gulrot og eventuelt andre grønsaker i bitar.
- Kok opp krafta igjen og ha i kjøt og grønsaker.
- La småkoke til potetene er møre, ca 10-15 min.
- Servér suppe med frisk persille på toppen, og gjerne flatbrød til. Så enkelt og så godt!
Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta frå Hellstrøm, men brukte det eg hadde av råvarer tilgjengeleg.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.