Thai kyllingsuppe med kokosmjølk

tom kha gai Ei av dei mest kjende suppene frå Thailand, men det kan vere vanskeleg å finne råvarene i ein gjennomsnittleg butikk i Norge. Difor får du her ein norsk versjon, med utbytta råvarer som har tilnærma same smak og funksjon. Litt «juksing» må til på kjøkkenet, og treng ikkje tyde det same som at du får eit dårlegare resultat. Du får ei nydeleg suppe med ein liten vri. Har du lyst å prøve den «originale versjonen» finn du den her.

Til 3-4 personar treng du:

  • 400 g kylling
  • 7-8 dl kyllingkraft (eller vatn + buljongterning)
  • 400 g kokosmjølk
  • 1 ts brunt sukker (kan sløyfast)
  • Skalet frå 1 sitron
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1/2-1 raud chili
  • 3-4 cm ingefærrot
  • 1 kopp sopp (t.d. aroma/sjampinjong)
  • 1-3 ss fiskesaus (står ofte saman med soyasausen i butikken)
  • 12-15 cherrytomatar
  • Safta frå 1 lime
  • 1 neve frisk koriander
  • 1 lime i båtar til pynt (kan sløyfast)

thai kyllingsuppe  Slik gjer du:

  1. Vask sitronen godt og bruk eit rivjarn/zesterjarn slik at du får alt det gule skalet. Ha skalet i ei gryte saman med kyllingkrafta.
  2. Skrell eller bruk ei teskei og skrap av skallet på ingefærrota. Skjær ingefærrot og løk i terningar, finhakk kvitløk. Ha alt i gryta.
  3. Kok opp og la småkoke i 10-15 min, medan du kuttar opp resten av ingrediensane.
  4. Del kylling, sopp og tomatane i bitar. Del chilien og fjern frø og hinner, finhakk. (Bruk eige skjærebrett og kniv til kyllingen for å unngå smitte.)
  5. Ha i kylling. Kok opp igjen og la småkoke til kyllingen er gjennomkokt.
  6. Tilset kokosmjølk, men la det berre småkoke etter det.
  7. Ha i fiskesaus, sukker, chili og limejuice. Del limen i to og stikk ein gaffel inn i fruktkjøtet. Vri gaffelen rundt og klem på limen for å få ut juicen.
  8. Ha i tomatane og soppen, dei treng ikkje meir enn å akkurat bli varme.
  9. Server med frisk koriander på toppen og gjerne nokre limebåtar til pynt.
kyllingsuppe med kokosmelk

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.