![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/24sept5-e1461330821409-1000x620.jpg)
Ein dag med VGTV
![vgtv](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/24sept5-1024x680.jpg)
![vg tv](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/24sept4-1024x680.jpg)
Kuala Lumpur ja…! Vi flytta ned hit i august, og skal etter planen vere her i eitt år. Min mann jobbar for eit norsk firma, kidsa går på internasjonal skule og mor i huset har god tid til å bli kjent med det asiatiske kjøkkenet. Malaysia er nemleg ein herleg smeltedigel av malayar, indarar og kinesarar -og ikkje minst maten deira. At landet ligg rett sør for Thailand og Vietnam er heller ikkje dumt.
I denne storbyen finn eg råvarer eg tidlegare berre har sett bilete av, og krydder ein berre kan drøyme om å finne i ei lita norsk bygd. Her ligg med andre ord alt til rette for gode asiatiske rettar. Etter hektiske veker med innkjøring på skule, handling og «bli-kjent-med-byen»-turar byrjar kjøkkenet endeleg å bli såpass utstyrt at det er kjekt å lage mat igjen. Fleire spanande rettar er kokkelerte og snart klare til å blir publiserte på bloggen. Eg gler meg til å utforske og oppdage meir, og håper at du let deg friste til å prøve ein ny rett eller to du óg.
![blogging](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2014/09/24sept1.jpg?w=800)
Sidan «Signaturretten» blei spelt inn på eit lånt kjøkken (hjå ei veldig kjekk dame), får de her sjå bilete av korleis kjøkkenet mitt ser ut i år. Ok+ er vel karakteren det ville ha fått heime i mi bygd, der ein ikkje kastar om seg med superlativ. Med andre ord; eit fin-fint kjøkken å kokkelere på!
Håper du heng med vidare, og har du nokre asiatiske favorittar vil eg gjerne høyre om dei:) Vil du sjå videoen som blei laga finn du den her.
Og så må du hugse å stemme på din favoritt her😉
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.