Pannesteikt torsk med bacon og brokkolimos

torsk bacon brokkoli

Torsk smakar så mykje betre om den får selskap av bacon, spekeskinke eller tomatsaus spør du meg. Her får du ein kvardagsfavoritt som er laga på få straksar. Torsk vendt i kavring/brødsmular med kokte poteter og noko grønt til, med selskap frå bacon blir dette ein god familiemiddag.

Pannesteikt torsk med bacon og brokkolimos

Til 3-4 personar treng du:

  • 400-500 g torskefilet
  • ein neve kruskakli (eller knuste knekkebrød/smular frå brød)
  • 1 egg
  • 50-100 g bacon
  • salt og peppar
  • 3-4 ss smelta smør
  • 9-10 amadine eller nypoteter
  • sitronskive og friske urter til pynt

Brokkolimos

  • 1/2 brokkoli (med stilk)
  • ca 1/2 dl av kokevatnet
  • salt og peppar

 

pannesteikt torsk med bacon og brokkolimos

Slik gjer du:

  1. Del opp fiskestykka i passe porsjonsbitar og salt dei godt.
  2. Vask potetene godt og ha dei over i ei kasserolle. Dekk akkurat med vatn, og kok opp. La småkoke under lokk til dei er møre, sjekk ved hjelp av ein skarp kniv, dette tek ca 30 min avhengig av størrelsen på potetene.
  3. Del baconet i bitar og sprøsteik det i ei steikepanne. Legg til side.
  4. Skyl brokkolien godt og del den opp i bitar. Kok opp og la småkoke til den er mør.
  5. Visp saman egget i ei flat skål, og ha kruskakli med litt salt og peppar i ei anna skål.
  6. Tørk av litt av saltet på fiskestykka ved hjelp av eit kjøkkenpapir og vend dei først i eggeblandinga og deretter i kruskaklien.
  7. Legg fiskestykka rett i varm panne med smør i, og la steike ca 5 min før du snur og steiker på andre sida. Fisken er ferdig når den flakar seg. Ha baconet i panna siste minutta slik at det er varmt til servering.
  8. Hell av kokevatnet på potetene og la dei dampe av seg i panna utan lokk.
  9. Hell av kokevatnet til brokkolien, men ta vare på litt av det. Mos brokkolien (anten vha potetstappar/visp eller stavmiksar) og spe med kokevatnet til du får passe konsistens. Krydre med salt og peppar.
  10. Legg opp poteter, brokkolimos og fisk, med smelta smør og sprøsteikt bacon over. Pynt med friske urter og ei sitronskive.
torsk bacon brokkoli

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.