Tzatziki
Heimelaga tzatziki er laga i ein fei, og smakar hundre gongar betre enn den lille boksen du får på butikken med lang innhaldsliste og like lang haldbarheitsdato. Rør saman og sett i kjøleskapet, så har du klar tilbehør til salat, grillmat eller middag.
Du treng:
- 350 g gresk yoghurt
- 1 agurk
- 2 fedd kvitløk
- 2 ss olivenolje
- 1 skvis sitron
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Del agurken i to på langs og bruk ei teskei for å skrape ut kjernen.
- Riv agurken på eit rivjarn.
- Press eller finhakk kvitløken.
- Bland yoghurt, agurk, kvitløk, olivenolje og sitron.
- Smak til med salt og peppar og sett i kjøleskapet i ein halvtime.
- Nyt.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.