Pytt i panne

pytt i panne

Av og til treng ein noko ukomplisert og godt til middag. Her får du ein slik rett. Enkel og god middag og får du i tillegg hjelp til å dele grønsaker er det gjort på 1-2-3! Lag ein stor porsjon, så har du fin-fin lunsj eller kvelds av restane:)

Til ca tre personar treng du:

  • 300 g god pølse
  • ½ squash
  • ½ blomkål
  • 2-3 gulrøter
  • 2-3 stenger stangselleri
  • 2 blad fennikel
  • 1 neve persille (eller andre friske urter)
  • Olje til steiking (eg brukte kokosolje)
  • salt og peppar

Slik gjer du:

  1. Del pølsene og grønsakene i bitar.
  2. Steik pølsene litt først før du har i grønsakene. Bruk middels til høg varme og rør heile tida.
  3. Klipp eller riv opp friske urter og krydre med salt og peppar.
  4. Middag fiks ferdig!:)
enkel middag

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!