Pytt i panne
Av og til treng ein noko ukomplisert og godt til middag. Her får du ein slik rett. Enkel og god middag og får du i tillegg hjelp til å dele grønsaker er det gjort på 1-2-3! Lag ein stor porsjon, så har du fin-fin lunsj eller kvelds av restane:)
Til ca tre personar treng du:
- 300 g god pølse
- ½ squash
- ½ blomkål
- 2-3 gulrøter
- 2-3 stenger stangselleri
- 2 blad fennikel
- 1 neve persille (eller andre friske urter)
- Olje til steiking (eg brukte kokosolje)
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Del pølsene og grønsakene i bitar.
- Steik pølsene litt først før du har i grønsakene. Bruk middels til høg varme og rør heile tida.
- Klipp eller riv opp friske urter og krydre med salt og peppar.
- Middag fiks ferdig!:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.