Salat med asparges, jordbær og spekeskinke

jordbærsalat

Til ein porsjon treng du:

  • 2 nevar crispisalat
  • 2 asparges i bitar
  • 5 cm squash i strimlar/bitar
  • ¼ gul paprika i bitar
  • 10-12 mynteblad
  • 6 jordbær delt i to
  • 3-4 skiver spekeskinke

Balsamicovinaigrette:

  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1ss ekstra virgin olivenolje
  • 1 ts sitronsaft
  • salt og peppar
salat med asparges, jordbær og spekeskinke

Slik gjer du:

  1. Skyll salatblada godt, og tørk dei i ei salatslynge. Riv opp og legg på ein tallerken.
  2. Fordel over resten av grønsakene og spekeskinka.
  3. Rør saman vinaigrette og ringle over.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!