
Panna cotta med pasjonsfrukt

Her får du ein standard Panna Cotta, men med eksotisk frukt på toppen. Denne varianten stod på to-do lista mi lenge, rett og slett fordi eg ikkje fann pasjonsfrukt i butikkane. Men no ser det ut til at det er lettare å finne for oss i distriktet òg! (Får du samme problem som eg hadde kan du lage denne varianten med bringebærsaus). Nydeleg dessert som imponerar dei fleste!
Til 5-6 personar treng du:
Panna cotta:
- 3 dl kremfløyte
- 1 vaniljestang (eller 2 ts vaniljesukker)
- 2 plater gelatin
- safta frå ½ sitron
- 4 ss sukker.
Pasjonsfrukt
- 5-6 pasjonsfrukter
- 3-4 ss sukker

Slik gjer du:
- Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
- Splitt opp vaniljestanga og ha den i ei kasserolle saman med 2,5 dl kremfløyte og sukkeret. La det trekke på middels varme nokre minutt, men utan å koke.
- Ta kasserolla vekk frå varmen, fjern vaniljestanga og tilsett sitronsaft.
- Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør desse inn i den varme fløyta. Hell over i eit litermål eller liknande for å avkjøle.
- Pisk 0,5 dl kremfløyte og bland denne kremen inn i det andre før det har stivna.
- Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap (gjerne over natta).
Pasjonsfruktsaus:
- Del pasjonsfrukta i to og skrap ut innhaldet.
- Bland med sukkeret. (Kan stå i kjøleskap medan du ventar på at panna cottaen skal stivne).
- Fordel over i serveringsglasa.
- Servér!

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.