Panna cotta med bringebærsaus

panna cotta

Panna cotta:

  • 3dl kremfløyte
  • 1 vaniljestang (eller  2ts vaniljesukker)
  • 2 plater gelatin
  • safta frå ½ sitron
  • 4ss sukker.

Bringebærsaus:

  • 1 korg ferske (eller 1 pakke frosne) bringebær
  • 1dl sukker
  • 0,5-1dl vatn

Slik gjer du:

  1. Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn.
  2. Ha 2,5dl kremfløyte og sukkeret i ei kasserolle. Splitt vaniljestanga og ha den i. La det trekke på middels varme nokre minutt, men utan å koke. Ta kasserolla vekk frå varmen, ta ut vaniljestanga og tilsett sitronsaft. Knip vatnet ut av gelatinplatene og rør i desse. Hell over i eit litermål eller liknande for å avkjøle.
  3. Pisk 0,5dl kremfløyte og bland denne kremen inn i det andre før det har stivna. Fyll opp i serveringsglas og sett i kjøleskap (gjerne over natta).

Bringebærsausen lagar du rett før servering:

  1. Plukk ut 2-3 bær til pynt og legg i kvart glas.
  2. Ha resten av bæra i ei kasserolle saman med sukker og vatn. Rør og mos bæra godt medan dei kokar i 2-3 min.
  3. Bruk ei sil for å få saus utan steinar eller hell den rett over i glasa og server den som den er.

Nydeleg avslutning på eit godt måltid!

Denne oppskrifta held til 4-5 personar og er inspirert av kokeboka Hellstrøm jr.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.