Laks i form
Laks i form er ein enkel middag som i tillegg er klar på under ein halvtime. Rødløk og spinat smakar veldig godt saman med laks, og med litt chili blanda i blir det akkurat passe futt i retten.
Har du lyst å supplere med fleire grønsaker, eller ta ei opprydding i grønsakskuffen passar det bra, for her er det plass til det du måtte ønskjer. Pass på at du vel grønsaker som ikkje treng så lang tid i omnen, slik at du slepp å leggje til ekstra steiketid, eller grønsaker som gjerne kan vere litt rå og ha litt krønsj.
Laks i form til 2-3 personar:
- 2 laksefiletar
- ½ rødløk
- 2-3 nevar babyspinat (eller frosen spinat)
- 2 fedd kvitløk
- ½ raud chili
- ca 3 dl fløyte (kremfløyte eller matfløyte)
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Del laks i terningar, rødløk i tynne båtar og hakk kvitløk og chili.
- Legg alt i ei eldfast form og hell over matfløyte, krydre med salt og peppar.
- Steik i omnen på 200 grader i ca 20 min, til laksen fell frå kvarandre.
- Server med fullkornpasta til eller berre retten som den er.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.