Byggrynsgraut

byggrynsgraut

Etter å ha høyrt Berit Nordstrand sitt foredrag på NRK har planen vore å ete meir bygg. Denne veka har det både blitt byggotto og i dag får de byggrynsgraut servert. Nydeleg graut som er fin variasjon til den vanlege havregrynsgrauten som vi ofte et til frukost eller kvelds. Det einaste du må hugse er å legge gryna i blaut over natta, men det klarer du fint!

Til to personar treng du:

  • 1 dl byggryn (leggast i blaut over natta)
  • 5 dl mjølk
  • 1 dl havregryn
  • 1 neve hakka mandlar
  • 4-5 tørka aprikos i bitar
  • 1 neve rosiner
  • 10 bringebær
  • litt flytande honning

Slik gjer du:

  1. Hell av bløytevatnet og kok opp byggryna saman med mjølk.
  2. La grauten småkoke i ca 15 min.
  3. Ha i havregryna og la dei koke med i 5 min.
  4. Server grauten med mandlar, rosiner, aprikos, bringebær og litt honning på toppen.
byggryn

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!