
Grønsaksuppe med kvite bønner

Eg har fått fleire tilbakemeldingar om at de gjerne vil ha middagar med linser og bønner i. Her er ei enkel kvardagssuppe som har kvite bønner i staden for kjøt. Mild og lett å like for både små og store, men med flust av vitaminar og næringsstoff. Har du ikkje prøvd linser før er dette ein fin-fin start!
Dette treng du:
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- ½-1 squash
- 6-7 dl vatn + grønsakbuljong
- 1 pakke store kvite bønner (380g, derav 230g bønner)
- ½ raud paprika
- 100 g (½ pk) eggnudlar
- 1 stilk stangselleri
- 1 dl matfløyte
- salt og peppar

Slik gjer du:
- Skjær løk, squash og kvitløk i bitar.
- Fres dei i litt olje (eg brukte kokosolje), til løken er blitt blank.
- Tilset vatn og grønsakbuljong. Kok opp og la småkoke nokre minutt til squashen er mør.
- Kjør suppa glatt med ein stavmiksar (kan sløyfast).
- Del paprika og stangselleri i bitar, skyll bønnene i vatn og ha alt i suppa saman med eggnudlane.
- La småkoke i 5-10 min til nudlane er ferdige. Rør inn matfløyte og smak til med salt og peppar.
- Server med godt brød og gjerne eit parmesan dryss over.

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.