Halvgrove tebriks
Dei fine tebriksa på bloggen her har vore veldig populære, men har litt for lite grovmjøl i seg til at dei kan passere til kvardags. I denne versjonen derimot har grovmjølet fått plass og resultatet er kvardags-tebriks!
Halvgrove tebriks
Du treng:
- 6 dl mjølk
- 25 g tørrgjær
- 1 egg
- 1 ss sukker
- ½ ts salt
- ½ ts bakepulver
- 400 g grov sammalt kveite
- 200 g havregryn
- 400 g kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
- 1 egg til pensling
- Valmuefrø
- 3 ss mjukt smør
Oppskrift:
- Bland alt det tørre og ha i egget og lunka mjølk.
- Elt i kjøkkenmaskin eller for hand til du har ei jamn deig, 7-10 min i maskin på sakte fart. Dekk med plast og la heve i 1-2 t.
- Del deiga i to emner og bruk godt med mjøl ved utbaking.
- Kjevle ut eit 30×80 rektangel. Smør deiga og brett den i to, kjevle litt utover slik at den blir 20×80.
- Smør deiga ein gong til og brett først den eine kanten inn mot midten, og deretter den andre på toppen, slik at det ligg i tre lag.
- Del opp i 4cm store stykker og sett på bakepapir.
- Pensle med samanpiska egg og strø valmuefrø over.
- Steik på 225 grader i 10-12 min til dei er gyldne.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.