Jordskokksuppe med søtpotetchips
Ei spanande suppe med rik smak og trendy ingrediensar. Enkel å lage, og du kan variere den med å lage med berre mjølk i staden for vatn eller med ei blanding av vatn og matfløyte som eg har gjort her
Du treng:
- 500g jordskokk (uskrelte)
- 2 fedd kvitløk
- 2 sjalottløk
- 1/2dl tørr kvitvin (eller eplejuice)
- 7dl vatn + 1 grønsaksbuljong (eller grønsakskraft)
- 1dl matfløyte (eller mjølk)
- salt og peppar
- litt sitronsaft
Garnityr:
- god olivenolje
- 10 tynne skiver søtpotet
- solsikkeolje til frityr
- friske urter
Suppa:
- Skrell jordskokkane og del dei i terningar. Hakk løk og kvitløk.
- Surr grønsakene i 1 ss solsikkeolje i nokre minutt, til løken blir blank. Hell over kvitvinen og la den koke inn.
- Fyll på med vatn og grønsaksbuljong (alt må vere dekka) og kok opp. La småkoke til grønsakene er møre, ca 15-20 min. I mellomtida kan du lage klart garnityren.
- Kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller ein blender.
- Tilset matfløyte og krydre med salt og peppar.
- Ha i ein skvis sitron og aus opp.
- Ringle over litt av di beste olivenolje, legg på søtpotetchipsa og pynt med friske urter.
Garnityr:
- Vask søtpoteta godt, eller fjern skallet.
- Skjær tynne skiver med ein kniv eller ein ostehøvel.
- Fyll 1-2 cm solsikkeolje i ei lita kasserolle. Varm opp oljen og friter søtpotetskivene. (Sjå tips under).
- Legg søtpotetchipsa over på eit kjøkkenpapir for å renne av seg. Du kan gjerne fritere dei to gongar.
Frityr-tips:
Oljen er varm nok når du stikk ei tresleiv ned, og det kjem bobler rundt den. Du kan og skvette ein liten dråpe vatn for å sjå om den skvett av igjen.
Ha lokk tilgjengeleg som du kan legge over, og bruk aldri vatn for å sløkke dersom det tek fyr.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.