
Knekkebrød med quinoaflak

Quinoa har blitt ein favoritt, og knekkebrød blir laga jamt her i huset. Kombinasjonen av dei to måtte bli ein suksess. Her har eg brukt quinoaflak i staden for heil quinoa som eg brukte i desse rundstykka. Quinoaflak er quinoafrø som er dampa og valsa og skal vere veleigna til graut og müsli. Og etter å ha testa denne oppskrifta håpar eg du er einig i at dei passar godt i knekkebrød!
Du treng:
- 3 dl quinoaflak
- 2 dl solsikkekjerner
- 2 dl graskarkjerner
- 2 dl linfrø
- 2 dl sesamfrø
- 2 dl grov sammalt rug
- 2 dl havrekli
- 2 dl havregryn
- 1 ts salt
- 1 l vatn (gjerne med kullsyre)

Slik gjer du:
- Bland alt og la det trekke i ca 15 min. Skru omnen på 150 grader varmluft.
- Spre utover 3 bakepapirkledde steikebrett. (Bruk gjerne henda)
- Sett alle bretta i omnen samtidig.
- La dei steike i 10 min. Ta dei ut og rut dei opp i 4×4. Bruk ein slikkepott eller ein kniv.
- La dei steike i 20 min før du byttar plass på bretta. Gjer dette to gongar til, slik at du steiker i 3×20 min. Avkjøl på rist.
PS. Ofte blir dei fire knekkebrøda i midten på brettet ikkje heilt tørre, då let du dei berre steike 10-15 min ekstra:)
Quinoa får du kjøpt på helsekost og invandrarbutikkar. Etter fleire spørsmål legg eg inn bilete av korleis pakken eg har med quinoaflak ser ut:

Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.