Kylling med kantarellrisotto

kylling

Denne kyllingen er det Tove med bloggen ”På kjøkkenbenken” som skal ha æra for. Ho serverte den med ris og tomatsalat i sitt blogginnlegg, medan den har fått følgje av risotto i denne versjonen. Eg hadde nemleg nokre kantarellar i frysaren som lengta etter å bli brukt. Kyllingen blei uansett nydeleg og kan varmt anbefalast vidare uansett tilbehør.

Til fire personar treng du:

Sitronkylling:

  • 4 kyllingfiletar
  • 2 sitronar
  • 2ss sirup
  • salt og peppar
  • olivenolje

Kantarell-risotto:

  • 350g arborioris
  • 2 sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2dl tørr kvitvin
  • ca 1l varm kyllingkraft/buljong
  • 1ss smør
  • 50g reven parmesan
  • ein neve steikte kantarellar
kvardagsmat

Slik gjer du:

Sitronkyllingen:

  1. Skru omnen på 200 grader. Smør ei eldfast form med olivenolje, krydre kyllingfiletane og legg dei i forma. Steik i 30 min.
  2. Rasp det gule skalet av sitronane. Del sitronane i to, stikk ein gaffel inn og vri og klem slik at du får ut all safta. Bland sitronsaft, skal og sirup i ei skål.
  3. Etter 30 min har du sitronblandinga over kyllingen og steiker i 10-15 min til. Opne gjerne omnsdøra og aus blandinga over kyllingen nokre gongar i løpet av denne steiketida.
kantarell

Etter at du har fått kyllingen i omnen er det på tide å byrje på risottoen.

Kantarell-risotto:

  1. Ha 1 ss olivenolje i ei kasserolle og fres sjalottløk og kvitløk i nokre minutt. Ha i risottorisen og la den frese med til den blir blank.
  2. Hell over kvitvinen og la den koke inn.
  3. Spe med varm kyllingkraft/buljong. Ha i ei ause i gongen og la dette koke inn før du har i den neste. Rør jamt i risen. Fortsett slik til risen er blitt mjuk, men framleis har tyggemotstand. Dette tek 15-20 min.
  4. Ta kasserolla av plata. Rør inn dei steikte kantarellane.
  5. Ha i 1ss smør og reven parmesan, men utan å røre. Legg på lokk og la stå i 3-5 min. Vend så inn smøret og osten og server med det same.

Håpar det fell i smak!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.