Spinat og brokkolisuppe

brokkoli og spinatsuppe

Sunn, varm og god suppe. Akkurat det ein treng ein kald vinterdag! Supersunn med både brokkoli og spinat i seg, og deilig grøn på farge.

Til 3 personar treng du:

  • 1 brokkoli
  • 1 pk babyspinat
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss solsikkeolje
  • buljongterning/fond (kylling eller grønnsak)
  • 5-8 dl vatn

Slik gjer du:

  1. Del løken i terningar og hakk kvitløken. Del brokkolien i bitar, ta med heile stilken óg.
  2. Surr dei i oljen til løken blir blank.
  3. Ha i spinaten og la den falle saman før du fyller gryta med vatn til alt er dekka.
  4. Ha i buljongen og kok opp.
  5. La koke til brokkolien er mjuk, ca 10 min, avhengig av kor store bitar du har laga.
  6. Bruk stavmiksar eller blender for å få suppa glatt.

Server med sprøsteikt bacon og rista brød. Synest du suppa er for skarp på smak kan du runde av smaken med ein skvett fløte:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!