Halvgrove rundstykker med gulrot

rundstykker gulrot

Halvgrove rundstykker med gulrot

24 stk

  • 3 dl vatn
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 dl appelsinjuice
  • 2 revne gulrøtter
  • 1/2 dl rapsolje
  • 1 ts salt
  • 2 dl solsikkekjerner
  • 3 dl grov sammalt kveite
  • ca 1 l kveitemjøl

 rundstykker gulrot

  1. Bland alt det tørre, men hald tilbake litt av kveitemjølet. Ha i resten og elt i kjøkkenmaskin i ca ti min, juster mjølmengda mot slutten.
  2. Hev i 2 timar eller så lenge du har tid.
  3. Form 24 rundstykker, etterhev i ca 30 min.
  4. Steik midt i omnen på 225 grader, 15-20 min. Avkjøl på rist.

Tips: putt i frysaren, og set dei inn i kald omn på varmluft 170 grader i 13-15 min. Vips: nysteikte rundstykker!:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.