Tebriks

tebriksDesse tebriksa har eg fått oppskrift på frå ei kjekk nabodame. Ho er ein racer på alle typar gjærbakst, og produserer nok til å fø både bestemødrer og anna slekt når ho går i gong på kjøkkenet.

Ho får alltid luftig og fantastisk bakst og ein gong røpte ho trikset sitt til meg. Ha tre born! Med andre ord; ho set deiga og så skjer plutseleg det eine og det andre og tida berre flyg.

«Eg får jo aldri tid til å ta igjen den deiga, så den hevar og hevar og hevar»

Og resultatet? Vellukka gjærbakst kvar einaste gong. Så der har du trikset over alle triks: få tre born! (Eller la gjærdeiga heve lenge uansett).

tebrix

Til 12-15 tebriks treng du:

  • 6 dl mjølk
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 egg
  • 1 ss sukker
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts bakepulver
  • ca 1 kg mjøl + litt ekstra til utbaking
  • 3-5 ss mjukt smør til å smøre deiga

På toppen:

  • 1 egg til pensling
  • valmuefrø
oppskrift tebrix oppskrift hjemmelagde tebriks hjemmelagde tebriks

Slik gjer du:

  1. Ha lunka mjølk, mjøl, sukker, bakepulver, salt, egg og gjæra i ein bakebolle.
  2. Elt i kjøkkenmaskin eller for hand til du har ei jamn deig, 7-10 min i maskin på sakte fart.
  3. Dekk med plast og la heve til dobbel storleik, 1-2t.
  4. Bruk godt med mjøl og kjevle ut eit 30 x 80 rektangel.
  5. Smør deiga og brett den i to, kjevle litt utover slik at den blir 20 x 80.
  6. Smør ein gong til.
  7. Brett først ein tredjedel inn mot midten, før du legg den andre delen på.
  8. Del opp i 5-6 cm store stykker og sett på bakepapir.
  9. La etterheve medan omnen varmar seg opp.
  10. Pensle med samanpiska egg og strø valmuefrø over.
  11. Steik midt i omnen på 200 grader, over og undervarme, i 10-12 min til dei er gylne.
tebrix

TIPS:

Legg dei du får til overs i fryseboksen. For å ha nysteikte tebriks til frukost, set du dei på rist inn i kald omn og skrur omnen på 180-190 grader varmluft og let dei stå i ca 13 min. Fiks ferdig!:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.