Eltefritt grytebrød med quinoa

grytebrød quinoa

Eltefritt grytebrød med quinoa inneheld «superfrøet» quinoa som du får kjøpt i velassorterte butikkar, på helsekost eller i «invandrarbutikkar». Det er eit svært godt alternativ til ris sidan det inneheld dobbelt så mykje protein og har nesten like mykje kalsium som melk.

I tillegg har det mineralar som fosfor, jern og magnesium og mykje vitamin A,E og B. Det høge proteininnhaldet bidreg til eit stabilt blodsukker og det høge kostfiberinnhaldet er bra for fordøyelsen.

Smaken er litt nøtteaktig, og du kokar det på samme måte som ris. 1 del quinoa og 2 delar vatn (pluss ei klype salt). Pass på å skylje quinoaen godt før du kokar den, slik at alt skummet forsvinn.

Får du restar frå middagen er det perfekt å blande i ein salat dagen etter, eller som eg har gjort her; i eit deilig brød.

Til 1 eltefritt grytebrød med quinoa treng du:

  • 100 g kokt quinoa
  • 150 g fullkornskveitemjøl
  • 25 g linfrø
  • 25 g sesamfrø
  • 300 g kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ss honning
  • 4 dl lunka vatn

 

Slik gjer du:

  1. Set bakebollen på vekta, null ut og mål opp direkte i bakebollen. Rør inn vatnet til deiga akkurat heng saman.
  2. Set på lokk og la heve ca 12 t.
  3. Brett deiga nokre gongar over kvarandre i bakebollen, set på lokket igjen og la heve i 30 min.
  4. Medan deiga hevar set du gryta inn i omnen på 250 grader over- og undervarme og let den bli varm samtidig med omnen.
  5. Hell/skrap/velt deiga opp i den varme gryta, set på lokket og steik i 30 min.
  6. Ta av lokket, senk temperaturen til 230 grader og steik i 15 min til.
  7. Avkjøl på rist.

Oppbevar brødet innepakka i eit reit kjøkkenhandkle, eller del det opp og frys det om du ikkje greier å ete heile brødet innan 2 dagar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.