Müslirundstykker
OPPSKRIFT:
- 50 g kruskakli
- 100 g havrekli
- 50 g linfrø
- 2 ts salt
- 1/2 pk tørrgjær
- 100 g (20 stk) tørka aprikos
- 75 g rosiner
- 2 ss rapsolje
- 500 g fin sammalt kveite
- 300 g grov sammalt rug
- 200 g fullkornkveitemjøl
- 12 dl lunka vatn
Hakk opp aprikosane og bland alt godt. Deiga skal vere klissete.
Bruk to spiseskeier til å ause og skrape deiga ned på brettet. Brukar du 2 ss per rundstykke får du om lag 30 stk.
Dekk med plast og la etterheve i 1 time. Steik på 225 grader i 17-20 min. Avkjøl på rist.
Flyt dei litt utover og blir ganske flate er det perfekt for tining i brødristar. Ta dei rett frå frysaren, tin dei i brødristaren og du har frukosten klar på tre minutt:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.