Raud pastasalat med kylling

pastasalat

Du treng:

  • 2 kyllingfiletar
  • 100g fullkornpasta
  • 2-3 vårløk
  • 3 asparges
  • 6 cherrytomatar
  • ½ rødløk

Pastadressing:

  • 6-8 soltørka tomat
  • 2-3 ss olivenolje
  • 2 fedd kvitløk
  • ½ raud paprika
  • 1ss tomatpuré

Lag dressingen først ved å kjøre alle ingrediensane saman i ein blender/stavmiksar.

Steik kyllingfiletane og kok pasta.

Skjær opp grønsakene.

Hell av pastavatnet, la pastaen dampe av seg litt i panna før du blandar inn pastadressing.

Ha i grønsakene og bland tilslutt inn kyllingen.

Kan serverast både som lun eller kald:)

(Oppskrift inspirert frå Statoil si kokebok Sunt og godt)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!