Kjapp kyllingwok med fennikel
- 2 kyllingfiletar
- 1ss soyasaus
- 1ss sweet chili saus
- 2 gulrøter
- 4 asparges
- 2-3 vårløk
- ½ raud paprika
- ½ fennikel
- Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman med soyasaus og sweet chili sausen, bland godt.
- Del alle grønsakene i strimlar/bitar.
- Fres kyllingen på høg varme i ei wok- eller steikepanne i litt solsikkeolje. Legg til side.
- Ha i gulrot, vårløk, fennikel, asparges og paprika. Fres til dei blir varme, men ikkje ”slappe”.
- Ha kyllingen over og la den vere med nokre minutt for å bli heilt varm.
- Server med nudlar og set gjerne fram sausane du har brukt på bordet.
Middag på 1-2-3 🙂
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.