Shepherd´s pie
I fjor ein gong hengde Rema 1000 opp store flagg med bilete av Shepherd´s Pie og Erling Sundal, og det dukka opp variantar av denne middagsretten på nær alle matbloggar.
I vår variant har eg fått lurt nedi paprika i tillegg til rotgrønsaker, sidan eg ein gong fekk vite at paprika inneheld fire gongar så mykje C-vitamin som appelsin.
Gryterettar og former er geniale til å bli kvitt restar du måtte ha i frukt- og grøntskuffa og få lurt inn sunne ingrediensar utan at middagsgjestane let seg merke. Bra for deg og bra for dei!
Shepherd´s pie til ca 4 personar:
Potetstappe
- ca 1 kg poteter i terningar
- 2 ss smør
- ca 1 dl mjølk
Gryte
- 500 g karbonadedeig
- 1 løk
- 2-3 gulrøtter
- 1 paprika
- 1/2 sellerirot (ca 200 g)
- 2 fedd kvitløk
- 2 ss tomatpurre
- 2 boksar hakka tomat (eller erstatt den eine med 2 dl vatn)
- 2 laurbærblad
- salt og peppar
- timian
Slik gjer du:
Potetstappe:
- Kok potetbitane til dei blir møre, ca 10-12 minutt avhengig av størrelsen.
- Hell av vatnet, ha i 2 ss smør og mos til stappe.
- Ha i ein skvett mjølk, her avheng det av kor fast du likar stappa, og rør raskt med ei sleiv. Juster med meir mjølk til du får stappa slik du likar.
Gryte:
- Skjær løk, gulrot, sellerirot, paprika og kvitløk i terningar og surr dei nokre minutt i olivenolje, til løken er blank. Legg dei til side.
- Fres karbonadedeiga.
- Ha i grønsakene igjen, bland i tomatpurre og hell over hakka tomat (og eventuelt vatn).
- Legg i laurbærblada og la det småkoke i fem minutt. Krydre med salt og peppar, og gjerne timian om du har.
- Finn fram ei eldfast form og fordel gryta utover. (Eller bru små former som på øvste biletet).
- Legg potetstappa over som eit lokk og steik midt i omnen på 200 grader i 20 minutt.
- Server med frisk timian på toppen og gjerne ei brødskive til. Velbekomme!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.