Reklame

Rosettkål med chorizo

Rosettkål kom på den norske marknaden i 2015, men det er først no eg har funne den i min butikk. Hurra for nyheiter i grønsaksdisken, det er lett å like! Rosettkål blir kalla flower sprout i England og kalettes i USA. Bloggarane i desse landa har for lengst trykt grønsaka til sitt hjarte, og no er vi klare for å følgje etter. Rosettkål er ei kryssing av grønkål og rosenkål, med ein nøtteaktig smak. Dei fine kålblada frå grønkålen er med i lag med storleiken til rosenkålen. Rosettkål ser verkeleg ut som ein liten blome, og gjer seg veldig godt på tallerkenen.

rosettkål med chorizo Rosettkål med chorizo

I samarbeid med Gartner har eg testa og utvikla nye oppskrifter der rosettkålen er med, og her får du ein av desse: Rosettkål med chorizo. Det heile er ferdig og klar til servering på under 20 minutt, og smakar nydeleg. Rosettkålen treng ikkje mange minutta i panna, og skal berre skyljast først. Grøn og frisk lunsj eller middag gjerne servert saman med godt brød.

Rosettkål med chorizo

chorizo rosettkål panne

Oppskrift på Rosettkål med chorizo

2 porsjonar / Tid: 20 min

  • 1 pakke (130 g) rosettkål
  • 75 g chorizopølse
  • 2-3 sjampinjong
  • 2 ss smør
  • 1 sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1-2 ss sitronsaft
  • 2-3 ss god olivenolje
  • Salt og pepar
  • 2-3 ss pinjekjerner
  1. Del sjampinjong i skiver og fres i smør/olje til den blir bruna.

  2. Del løk i bitar steik saman med soppen til løken er blank.

  3. Ha i finhakka kvitløk og chorizo i bitar. Steik til chorizopølsa har blitt gyllen.

  4. Ha i rosettkål og steik vidare til den fell litt saman.

  5. Trekk panna av varmen og skvis sitronsafta over.

  6. Ringle over olivenolje og krydre med salt og pepar.

  7. Strø pinjekjerner over og server gjerne med godt brød til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Gartner

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.