Saffransbullar

Saffransbullar er laga med deilig fyll av mandelmasse og kvit sjokolade. Om du likar smaken på safran kjører du på med det, viss ikkje gjer du som oss og brukar gurkemeie i staden. Det gir fin gulfarge, men let gjærbaksten smake kardemomme som me meiner den skal. Triks der altså, og ikkje fordi vi er sunnmøringar og tenkjer at safran er for dyrt;)

hjemmelaget makronfyllkanelsnurr med mandelfyll
saffransbullar

Saffransbullar

Mandelmasse eller makronfyll som det heiter når du kjøper det på butikken er lett å lage sjølv. Det er like mengder mandlar og sukker kjørt saman i ei matmølle. Har du ikkje foodprosessor tilgjengeleg kan du sjølvsagt kjøpe ein pakke på butikken i staden. Eller ønske deg ein til jul;)

saffransbullar

Saffransbullar smakar nydeleg av kardemomme, mandlar og kvit sjokolade. Heilt perfekt å servere ein mørk desemberdag. Det treng slett ikkje vere luciadagen for å bake desse! Får du for mange bollar kan du fryse dei, og så tine dei på kjøkkenbenken når du tek dei fram igjen. 3-5 minutt på 150 grader varmluft gjer at dei smakar nesten som nybakte igjen.

Oppskrift på Saffransbullar

ca 36 skta / 16 porsjonar / Tid: 3 t

Bolledeig

  • 120 g sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 ts gurkemeie (eller safran)
  • 1/2 ts salt
  • 2 ts tørrgjær
  • 5 dl mjølk
  • 1 egg
  • 900 g kveitemjøl
  • 150 g smør

Mandelfyll

  • 100 g mandlar
  • 100 g sukker
  • 100 g kvit sjokolade

Topping

  • 1 egg
  • 1 ss mjølk
  1. Varm opp mjølka til den er fingervarm. Ha over i bakebollen.

  2. Ha i sukker, krydder, gjær, kveitemjøl og egg. Elt, gjerne i kjøkkenmaskin, til det er ei jamn deig.

  3. Ha i smør i terningar og elt vidare i ca ti minutt, til det er i jamn deig som slepp bakebollen. Dekk til bakebollen med ein stor tallerken eller eit kjøkkenhåndkle og la heve. Deiga kan anten heve i kjøleskap over natta eller på benken i ca 1,5 time.

  4. Lag mandelmasse ved å kjøre mandlar og sukker i ei matmølle (foodprosessor) til det blir ei litt seig masse. Det treng ikkje henge saman, men må som sandkorn.

  5. Ha deiga på mjøla bakebenk og kjevle eit rektangel med ca 0,5 cm høgde. Fordel mandelmassa over halve deiga og strø hakka sjokolade på toppen.

  6. Brett deiga over og del opp i remser. Tvinn remsene og set dei på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve under klede i 20-30 minutt.

  7. Visp saman egg og mjølk og pensle bollane.

  8. Steik eitt brett i gongen på 200 grader over- og undervarme i 10-15 minutt.

  9. Avkjøl bollane på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.