Heimelaga teriyakisaus

Heimelaga teriyakisaus er kjapt og enkelt å lage, og tek mykje mindre tid enn å skulle finne denne gode sausen på ein butikk. I allefall i distriktet. Tru meg, eg har leita når Asia-lengten har kome over meg.

hjemmelaget teriyakisaus
For tre år sidan levde vi livets glade dagar i Kuala Lumpur, hovudstaden i Malaysia. Vi hadde eitt år utanlands heile familien og fekk oppleve Asia på sitt beste. Og då var det mykje god mat inne i biletet. Det var nesten vanskeleg å halde ein gryande matblogg i live sidan det kosta meir pengar å lage mat heime enn å ete ute. Og det var vel kanskje det einaste problemet i kvardagen det året;) Eit fantastisk år med andre ord!

Heimelaga teriyakisaus

Når vi tenkjer tilbake til maten er det ofte teriyakibiff, teriyakikylling eller teriyakigrønsaker som blir nemt. Mat som blei steikt og tilberedt på ei varm plate framføre oss. Like gøy for små og stor å sjå på, og alltid godt å ete.

heimelaga teriyakisausTeriyaki er ein japansk saus originalt laga av soyasaus, mirin og sukker. Fleire brukar i tillegg ingefær, kvitløk og sesamolje, men dette varierer. For å få ein saus som kan lagast at ingrediensar du (og eg) har i kjøkkenskapet eller tilgjengeleg på butikken har eg funne fram til den versjonen som du ser under. Nydeleg smakar det!

teriyakisaus

Oppskrift på Heimelaga teriyakisaus

ca 3 dl porsjonar / Tid: 10 min

  • 1 dl soyasaus/tamari
  • 2 dl vatn
  • 1 dl brunt sukker/kokosblomstsukker
  • 3 kvitløksfedd
  • 1 ss ingefær
  • 1 klype chiliflak
  • 1 ss sesamolje
  • 1 ss riseddik
  1. Del ingefær og kvitløksfedd i skiver.

  2. Ha alt i ei lita kasserolle og kok opp under omrøring.

  3. La småkoke i ti minutt, sil av og avkjøl.

  4. Oppbevar i kjøleskap i tett flaske eller glas. Sausen held seg 3-4 veker.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.