Krema kyllingform

Krema kyllingform har milde smakar og er lett å lage. Det er kjapt forklart bitar av steikt kylling, litt løk og spinat saman med fløyte. På toppen av det heile strør du ost som skal gratinerast i omnen. Mmmm!

krema kyllingform

Krema kyllingform

Bladspinat smakar ikkje sterkt eller kvasst slik ein skulle tru av ryktet det har. Ingen grunn til å ikkje like spinat, det smakar mildt og godt. Og så er det jo spekka med godsaker for kroppen.

krema kyllingform
Har du steikepanne som toler å bli sett inn i omnen sparer du deg for ei form i oppvask. Strø berre osten over og set heile panna inn i omnen. Pass på at du ikkje brenn deg på håndtaket når du skal ta ut steikepanna! Fort gjort å gløyme at det ikkje kan haldast i når ein kjapt skal setje middagen på bordet… Men det hugsar sikkert du;)

krema kyllingform

Oppskrift på Krema kyllingform

4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 2 kyllingfiletar
  • 1 ss solsikkeolje
  • 1 rødløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 100 g spinat
  • 3 dl fløyte/matfløyte
  • 1 ss maizenna
  • salt og pepar
  • 1 klype chiliflak
  • 1-2 dl riven ost
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Del kyllingen i 1-2 cm store terningar og brun dei raskt i ei steikepanne med oljen.

  3. Legg kyllingbitane til side og fres rødløken delt i bitar til den blir blank.

  4. Ha i kvitløk og spinat og steik til spinaten har falt heilt saman.

  5. Rør ut maizenna i 1 dl av fløyta og hell all fløyta over i panna.

  6. Kok opp under omrøring og ha så kyllingen tilbake i panna med det andre og bland godt saman. Krydre med salt, pepar og litt chiliflak.

  7. Hell alt over i ei eldfast form, strø ost på toppen og set midt i omnen.

  8. La forma stå i omnen til osten er gyllen, ca 10-15 minutt.

  9. Server krema kyllingform med ris eller godt brød til. Vel bekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.