Kvitvinsdampa blåskjel

Kvitvinsdampa blåskjel er kjapp og god mat å lage. Den vanskelegaste for min del er å finne blåskjel i butikken. Men når eg gjer det, då kjøper eg lett med meg eit nett og byttar om på middagsplanane i heimen. Blåskjel med chips til er ein klassikar under namnet «Moules Frites» som funkar bra å servere til små og store.

kvitvinsdampa blåskjellEtter at du har fått kloa i eit nett blåskjel, eller plukka dei sjølv om du er hakket meir avansert enn oss, så oppbevarer du dei i kjøleskap. Hugs at skjela må få puste, så ikkje la dei bli liggande i ein tett plastpose.

Når du er klar for å dampe skjela legg du alle i vasken og skyl dei med kaldt vatn. Sit det skjegg på skjela skrubbar du det lett vekk med neglene dine. Det er viktig at du kastar alle skjel som er skada eller ikkje vil lukke seg igjen. Dersom du er i tvil kakkar du skjelet lett mot kanten av vasken for å sjå om det er i live. Dersom skjelet lukkar seg kan du bruke det, viss ikkje kastar du det.

blåskjel
Når skjela skal serverast gjeld same regelen. Er det eit skjel som ikkje har opna seg så skal det ikkje etast. Enkel regel som gjeld både før og etter tilberedning der altså.

kvitvinsdampa blåskjel

Oppskrift på Kvitvinsdampa blåskjel

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • 1 kg blåskjel
  • 1 dl kvitvin
  • 3 fedd kvitløk
  • 2 sjalottløk
  • 1/2 raud chili
  • 2-3 ss olivenolje
  • 1 vårløk (eller persille)
  1. Finhakk sjalottløk, kvitløk og chili. Fjern gjerne frø og hinner frå chilien slik at det ikkje blir så sterkt.

  2. Vask blåskjela godt i kaldt rennande vatn, og fjern eventuelle skjegg på blåskjela. Kast alle skjel som er øydelagde eller ikkje vil lukke seg når du gir dei eit lite kakk.

  3. Fres løk i oljen til den blir blank. Ha i kvitløk og chili og la surre med i 1-2 minutt.

  4. Hell over kvitvin og ha i blåskjela.

  5. Legg på lokk på gryta og la blåskjela dampe seg til dei opnar seg. Ikkje damp lenger en nødvendig, då blir skjela seige å ete.

  6. Servér blåskjel med vårløk (eller persille) på toppen, godt brø eller fries til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.