Vekemeny 26

Det er søndag igjen og tid for å planleggje den neste veka. Det er første søndag i skuleferien her på Sunnmøre, og det betyr at Sommarferie-2017 er i gong. Sjølv om vi vaksne skal jobbe nokre veker til er det absolutt feriemodus i heimen. Det er færre ettermiddagsaktivitetar, dei fleste avslutningar er overstått og det kjennes som vi har litt ekstra tid. Det er tid til å grille, til å ete middag ute og tid til å la leggetid vere leggetid og nyte sommarkvelden.

Kanskje har du tid til å lage noko ekstra godt å setje på bordet? Eller prøve ei heilt ny oppskrift? Eg håper du finn inspo her på bloggen og diskar opp med noko godt til deg sjølv og dei rundt deg. Ha ei fin sommarveke!

Vekemeny 26

Mandag

brokkolisalat

Brokkolisalat

Brokkolisalat er nydeleg sommarmat og funkar både som eigen rett eller som deilig tilbehør til sommarmat. Det er verken potetsalat, waldorfsalat eller pastasalat -men liksom noko midt i mellom alle… Fortsett å les »

Tysdag

peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »

Onsdag

lapskaus

Lapskaus

Lapskaus er ein av dei tradisjonsrettane som vi verkeleg bør halde fast ved! Rimeleg mat som gir rom for å bruke opp restane du har i kjøleskapet og perfekt å… Fortsett å les »

Torsdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Fredag

tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing

Tortilla med laks, avokado og spicy dressing er laga på under tretti minutt og er difor perfekt til rask middag ein heilt vanleg kvardag -men faktisk god nok til å… Fortsett å les »

Laurdag

hønsegryte

Coq au Vin

Helios-samarbeid Coq au vin er ei klassisk fransk gryte som kan varierast etter kva råvarer som er tilgjengeleg og kva smakar du likar best. Originalen blir laga med hane (coq),… Fortsett å les »

Søndag

fløtegratinerte poteter

Fløtegratinerte poteter

Fløtegratinerte poteter er krema og godt tilbehøyr til kjøt, fugl og fisk. Faktisk funkar det bra som ein rett i seg sjølv også, eller med grilla grønsaker til. Lag gjerne… Fortsett å les »

Noko godt

surmjølkskjeks

Surmelkskjeks

Surmelkskjeks er deilig mjuke og tjukke kjeks som kan nytast varme rett frå omnen eller leggast i kakeboksen for seinare høve. Kjeksa held seg nemleg fint i ei tett boks… Fortsett å les »

Brødmat

frøknekkebrød

Valnøttknekkebrød

Valnøttknekkebrød har deilig nøttesmak og er knasande sprøtt og godt. Knekkebrøda er fine å ha i nisteboksen, som eit lite lager liggande på kontoret når svolten melder seg eller på… Fortsett å les »

Vekas kake

jordbær kake

Pavlovarull

Likar du Pavlova likar du garantert Pavlovarull. Det er praktisk talt samme kaka, berre at den er rulla saman og servert som ei rullekake i staden. Den tradisjonelle Pavlova-kaka må… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.