Coq au Vin

Helios-samarbeid

kokt høne i vin

Coq au vin er ei klassisk fransk gryte som kan varierast etter kva råvarer som er tilgjengeleg og kva smakar du likar best. Originalen blir laga med hane (coq), men høne er lettare å få tak i og difor ofte brukt. Høna skal kokast i rødvin saman med løk og urter. Lag ein raus porsjon, for dette er skikkeleg god restemat!

Høne finn du som regel i frysedisken, lengst bak eller under dei andre varene. Rimeleg mat som mettar mange.

Sidan høna først må kokast til kjøtet losnar frå beinet har eg delt oppskrifta i to, så kan du velje om du vil gjere alt samme dagen eller dele oppgåvene over to dagar.

høne gryte

Til omlag 4 personar treng du:

Del 1:

  • 1 høne
  • ca 3 liter vatn
  • 2 gulrot
  • 1 løk
  • 2 vårløk (eller 1/2 purre)
  • 7-8 pepperkorn
  • 1-2 ts salt
  • 1 ts Helios økologisk eplecidereddik
  • 1 laurbærblad

Del 2:

  • 1 l hønsekraft
  • 1/2 flaske rødvin
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 2 ss Helios økologisk tomatpuré
  • 1 laurbærblad
  • 1 ts Helios økologisk timian
  • 150 g steikt bacon
  • 200 g sjampinjong
  • 4-5 sjalottløk
  • 2 ss maizena
  • 3 gulrot
  • 1 pastinakk
  • 1/4 sellerirot
coq au vin

Slik gjer du:

Del 1:

  1. Ha høna i ei stor gryte saman med grovhakka grønsaker og resten av ingrediensane i del 1. Pass på at alt er dekka med vatn.
  2. Kok opp og bruk ei holause eller ei skei og skum av/fjern rusket som legg seg på toppen.
  3. La høna trekke i 2-3 timar til kjøtet slepp beinet. (Med ei frosen høne på 2,8 kg tok det nesten 3 timar hjå meg).
  4. Løft ut høna frå krafta og la den kolne før du brukar fingrane og reinskar den for kjøt og deler dette i terningar.
  5. Sil krafta og mål opp 1 liter. Resten av krafta kokar du inn og har i små porsjonsformer og legg i frysaren. Då har du den flottaste krafta å bruke til supper framover. Om du vil ha litt midre feitt i krafta let du den avkjøle litt og fjernar så litt av feittlaget som legg seg på toppen.
hønsegryte

Del 2:

  1. Del alle grønsakene i terningar, finhakk løk og kvitløk.
  2. Del baconet i terningar og sprøsteik det ei ei gryte. Ta ut baconet, men la baconfeittet vere igjen i gryta.
  3. Fres løk og kvitløk til løken er blank.
  4. Ha i tomatpuré og bland godt.
  5. Ha i grønsakene, soppen kan vente.
  6. Fyll på med rødvin og kraft, kok opp.
  7. Ha i laurbærblad og timian og la småkoke til grønsakene er møre.
  8. Ha i hønekjøt, bacon og sopp og la det koke med siste ti minutta.
  9. Rør ut maizena i 1 dl kaldt vatn, hell i gryta og la koke opp til det tjuknar.
  10. Smak til med salt og peppar.
  11. Servér gjerne med godt brød til.

 

fransk gryte

Denne oppskrifta er utvikla som ein del av samarbeidet mitt med Helios.no

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.