Vekemeny 21

Det er søndag og tid for å planlegge den komande veka! Sommartemperaturane har vist seg fram i veka som har gått og gitt oss lyst til å vere ute heile dagen. Ute for å plukke ramsløk og anna ugras som ein kan ete. Og ute for å plante og sjå kor det spirar og gror i hagen.

Rota med rabarbra som vi fekk ein avleggar frå i fjor har fått store grøne blad og er snart klar for første innhausting. Det same er grasløken som kom frå ei hageglad tante på seinsommaren i fjor. Med graløken følgde ein lovnad om at denne kom til å klare seg sjølv med mine fråverande grøne fingrar. Og den veks om berre det. Hurra!

Håper du har fint vårvêr der du er! Ha ei fin veke:)

Vekemeny 21

Mandag

falafel pita oppskrift

Falafel i pitabrød

Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »

Tysdag

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré er kvardagsmiddag med stor K. Fisk og grønsaker med digg topping av bacon og egg i smelta smør. Her er det næringsrik mat… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

Spagetti Carbonara

Spagetti Carbonara er middag laga i ein fei og fantastisk godt! Med krema saus med deilige baconbitar i passar denne like bra på ein kvardag som ein helgekveld du vil ha noko… Fortsett å les »

Fredag

enkel kylling tikka masala

Kylling Tikka Masala

Vi såg den herlege indiske filmen «The Lunchbox» her for nokre dagar sidan. og då måtte eg leite opp mi indiske lunsjboks og lage deilig middag med garam masala krydder…. Fortsett å les »

Laurdag

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra… Fortsett å les »

Søndag

enkel grill saus

Chimichurri

Chimichurri er ein grillsaus frå Argentina eller Sør/Mellom-Amerika som er genial enkel å lage og super å servere på all grilla mat. Sausen skal ikkje koke, og kan kanskje best… Fortsett å les »

Noko godt

Krokan-is

Vaniljeis: 4 dl h-mjølk 4 dl kremfløyte 6 eggeplommar 300 g sukker 1 vaniljestang Krokan: 1,5 dl sukker 1 ss smør 1 dl mandlar Splitt vaniljestanga og ha den i… Fortsett å les »

Brødmat

Eltefri rundstykke til hytteturen

  Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »

Vekas kake

Ostekake med bringebærlokk

Ostekake med bringebærlokk stod på kakebordet då vi inviterte til familieselskap for den ferske åtteåringen vår. Rett etter jul og nyttår er det merkeleg lite interesse for søte kaker og… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.