Kylling Tikka Masala

enkel kylling tikka masala

Vi såg den herlege indiske filmen “The Lunchbox” her for nokre dagar sidan. og då måtte eg leite opp mi indiske lunsjboks og lage deilig middag med garam masala krydder. Mmm…!

Garam masala blanding trur eg du finn på nesten alle matbutikkar no (endeleg!), og viss ikkje så finn du det i allefall på asiabutikken til ein billeg penge.

oppskrift kylling masala

Kylling Tikka Masala til 3-4 personar:

  • 600-800 g kyllingfilet
  • 2 ss kokosolje
  • frisk koriander

Marinade:

  • 2 ss garam masala
  • 1 ss paprikapulver
  • 2,5 cm ingefærrot
  • 1/2 ts salt
  • 1,5 dl yoghurt naturell
  • 3 ss kokosolje

Saus:

  • 1 rødløk
  • 1 løk
  • 2 cm ingefærrot
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss garam masala
  • 1/2 raud chili
  • 400 g hakka tomatar
  • 400 g kokosmjølk
  • salt og peppar

Raita:

  • 1/2 agurk
  • 1 dl yoghurt naturell
  • 1/2 sitron
  • 1/2 ts spisskummen
20160224-DSC_0042 20160224-DSC_0044

Slik gjer du:

  1. Finhakk ingefær og rør saman marinaden.
  2. Del kyllingen i bitar på ca 2 x 2 cm og dekk med marinade. La stå på kjøkkenbenken og marinere seg medan du gjer klart det andre, eller la marinere i kjøleskap over natta.
  3. Del løk, rødløk, kvitløk, ingefærrot og chili i grove bitar.
  4. Fres løk og rødløk i litt kokosolje til løken er blank.
  5. Ha i chili, kvitløk, ingefær og garam masala og fres i to minutt.
  6. Ha i hakka tomat og kok opp.
  7. Rør inn kokosmjølk og la småkoke i 15-20 min.
  8. Steik kyllingen på middels-høg varme på begge sider i ei steikepanne, legg til sides.
  9. Kjør sausen glatt med ein stavmiksar og ha i kyllingen og resten av marinaden.
  10. Lag raita og servér med det samme, gjerne med kokt ris og mangochutney til.
chicken tikka

Raita:

  1. Riv agurken på eit rivjarn. Klem ut så mykje væske som mogleg.
  2. Bland med yoghurt og sitronsaft.
  3. Strø over krydder, salt og peppar.
chicken tikka masala

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.