Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon smakar godt og er fin på farge. Grønt er kult! Med sprøsteikt bacon på toppen og fløyte i suppa er dette luksusversjonen av grønsaksuppa. Krema, smakfull og salt på toppen!

krema brokkolisuppe med sprøsteikt baconMengden brokkoli du har i suppa kan du avgjere sjølv og tilpasse etter kvar gong. Er det skrapa i kjøleskapet kan du lage ei litt tynnare suppe. Ventar du fleire gjestar kan du ha i ein ekstra brokkoli og heller spe med litt ekstra veske. Har du kraft i kjøleskap eller frysar er det no du skal leite den fram og slenge den i. Eg lovar deg at det løftar suppa til nye høgder! Har du ikkje kraft klar finn du den beste buljongen på butikken og har i den i staden.

brokkolisuppeStavmiksar rett i gryta er det enklaste, men det går fint å helle over i ein blender og kjøre suppa glatt der òg. Pass då på at du ikkje brenn deg, og at lokket er godt på. Og losne forsiktig når du skal ta det av, så du ikkje endar med varm suppe over heile deg. Den er best servert frå ei skål;)

god brokkolisuppe

Oppskrift på Krema brokkolisuppe med sprøsteikt bacon

2-3 porsjonar / Tid: 20-30 min

  • 1-2 brokkoli
  • 1 løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 4-5 dl kraft (eller buljong + vatn)
  • 1-2 dl fløyte
  • salt og peppar
  • 50-75 g bacon
  1. Strimle baconet og steik det i ei gryte til det blir sprøtt. Fisk ut baconet og legg til side, men bruk fettet som ligg igjen i gryta til å steike løken. Då får du aller best smak. (Om du vil spare tid kan du steike bacon i ei eiga steikepanne, og bruke litt smør for å frese løken).

  2. Del løken i terningar og fres den til den blir blank i gryta. Ha i finhakka kvitløk og la surre med.

  3. Ha i brokkoli delt i små bukettar. Del stilken i terningar og ha den i òg.

  4. Fyll på med kraft eller vatn + buljong og kok opp. La småkoke til brokkolien er mør, ca 15 minutt.

  5. Kjør suppa glatt ved hjelp av ein stavmiksar eller ein blender.

  6. Smak til med fløyte, salt og peppar og servér med det samme.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.