Ekte hummus

Ekte hummus krev litt planlegging. Når du først har klart å tenkje ut at du vil ha hummus eit døgn før du kan ete det er mykje av jobben gjort. For å lage ekte hummus må ein nemleg har tørka kikerter, og ikkje den typen på boks/kartong som ein finn på butikken. Dei tørka finn du på invandrarbutikkar/asiabutikkar, og dei kostar som regel ein slikk og ein ingenting. Så då gjeld det berre for deg å vite kva du vil ha ei døgn før du vil ha det altså!

Ekte hummus

ekte hummusekte hummus
I timane før du kan nyte herlegheita er det ikkje mykje jobb eller tilsyn som trengst. Kikertene klarer seg heilt åleine der dei ligg i vatn og blir bløytlagde. Legg dei i ein bolle, fyll på rikeleg med vatn og la dei stå i fred over natta. Etter alle desse timane i fred treng dei litt innsats frå di side. No skal kikertene koke ein halvtimes tid, før du kan kjøre dei saman til ein digg dip. Enkelt. Ikkje sant?

hummusHummus er dip frå midtausten som kan brukast saman med grønsaker eller godt brød. Det finnast enorme mengder oppskrifter og variantar, og alle hevdar å vere den beste. Men etter iherdig googling og lesing opp og ned, er det denne som heiter Hummus fro «Jerusalem» som såg ut til å vere favoritten på nettet. Eg har brukt den som utgongspunkt, og resultatet blei nydeleg hummus som smakte akkurat like godt som den vi fekk servert på ein arabisk restaurant i Miami for ein månads tid sidan. Hurra! Hummus til folket!

den beste hummus

Oppskrift på Ekte hummus

4-8 porsjonar / Tid: 1 t + bløytlegging

  • 250 g tørka kikerter
  • 1 ts natron
  • 250 g tahini
  • 1/2-1 sitron
  • 3-4 kvitløksfedd
  • 1 dl kaldt vatn
  • Salt
  • God olivenolje og spisskummen på toppen
  1. Legg kikertene i ein bolle, fyll på med kaldt vatn og la stå over natta. Pass på at det er rom for at kikertene kan utvide seg, det bør vere plass til at dei kan doble seg under vatnet.

  2. Hell av vatnet, skyl kikertene i eit dørslag og ha dei så over i ei kasserolle. Strø over natronet og bland godt før du fyller på godt med vatn, på same måte som når du skal koke pasta.

  3. Kok opp og la kikertene småkoke i ca 30 minutt, til dei enkelt kan knusast når du presser dei mellom tommel og peikefinger. Skum og kikertskal som flyt til overflata medan dei kokar fjernar du enkelt ved hjelp av ei holause.

  4. Ha sitronsaft, tahinin, kvitløk og ei ts salt i ei matmølle (foodprosessor) og kjør til ei jamn masse. Spe med litt av vatnet om det trengst.

  5. Hell av kokevatnet på kikertene og ha dei i matmølla saman med resten. Kjør til du har ei jamn masse, spe med vatn til passe konsistens.

  6. Bruk ein slikkepott og skrap hummusen over ei ei skål. Dekk med plastfolie, slik at du unngår snerk, og set til avkjøling i 30 minutt. Hummus kan oppbevarast i kjøleskap i opptil to dagar.

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.