Nøttebrød med tørka aprikos

Nøttebrød med tørka aprikos er nydeleg på smak og veldig enkelt å lage. Deiga, eller røra som det best kan kallast, skal berre rørast saman og hellast i ei brødform. Det som tek lengst tid er å steike brødet, men då kan jo du gjere heilt andre ting medan du ventar på det ferdige resultatet.

nøttebrød med tørka aprikos
I dette brødet kan du nytte dei frø og nøttene du vil, men du må ha psyllium/loppefrøskall/fiberhusk. Det er heilt essensielt i glutenfri baking, og gjer at deiga svell og held på væsken. På denne måten får du ein brød som heng saman, utan at det er bruk for gluten.

oppskrift nøttebrødKanskje visste du allereie at havregryn ikkje inneheld gluten? Grunnen til at du finn havregryn som er spesifikt merka med glutenfritt på butikken er at den pakken ikkje er «smitta» med gluten under produksjonen. Då er altså det glutenfrie havregrynet fritt for støv og restar etter andre mjølsortar som har blitt pakka og foredla på samme plass.

oppskrift nøttebrød
Og sidan havregryn ikkje inneheld gluten må det noko anna til for å gje deiga eigenskapane vi er ute etter. I vanlege brød nyttar ein del havregryn/havremjøl og ein del av anna mjøl, men i brød utan mjøl må ein ha noko som erstattar dette. Og her er det psyllium kjem inn i biletet. Har du ikkje det tilgjengeleg må du heller finne ein anna oppskrift å nytte i staden;)

Brødet smakar uansett nydeleg, med gode nøttesmakar og søt aprikos. Aprikos kan byttast ut med rosiner, tranebær eller kuttast heilt ut om du vil, det er opp til deg som er bakaren. Då er det berre å gå i gong og gle seg til nydeleg nøttebrød!

deilig brød med ost

 

Oppskrift på Nøttebrød med tørka aprikos

1 brødform porsjon / Tid: 2,5 t

  • 75 g graskarkjerner
  • 100 g solsikkekjerner
  • 100 g sesamfrø
  • 25 g valnøtter
  • 50 g rå cashewnøtter
  • 50 g rå pistasjenøtter
  • 100 g tørka aprikos
  • 150 g havregryn
  • 1 ss honning
  • 2 ss psyllium/loppefrøskall/fiberhusk
  • 2 ss chiafrø
  • 1 ts salt
  • 5 dl vatn
  1. Grovhakk aprikos, cashewnøtter og valnøtter. Resten kan vere som dei er.

  2. Mål opp og bland saman alt til ei røre.

  3. Hell røra over i ei bakepapirkledd brødform og la deiga stå og kvile i 1 time.

  4. Set omnen på 175 grader over- og undervarme og steik det på nederste rille i 1,5-2 timar. Løft brødet ut av forma og bank på det på undersida. Dersom det er ein hol lyd er det ferdigsteikt, viss ikkje må det steike litt lenger. Då treng du ikkje ha brødet tilbake i forma, men det kan steike vidare rett på rista i omnen.

  5. Avkjøl brødet på rist i minst 20 minutt før du deler ei skive og nyt nybakt nøttebrød.

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.