Asiatisk nuddel og grønsaksuppe

Asiatisk nuddel og grønsaksuppe er ei superrask og enkel suppe å servere. Ved å nytte risnudlar, som berre tek fem minutt å få klare, blir denne suppa ferdig på null-komma-niks. Grønsakene er best med litt krønsj i seg, og difor treng dei ikkje kokast. Ha dei raskt i gryta før servering eller gjer som i oppskriftsforklaringa under og fordel dei i serveringsskålene.

asiatisk nuddel og grønsaksuppe
Ved å fordele risnudlar, grønsaker og kraft i kvar skål kan ein justere styrken på krafta og velje ut sine favorittgrønsaker. Mengden sriracha, som er ein asiatisk chilisaus, kan dermed enkelt varierast alt etter kor sterk kvar og ein ønskjer suppa. Finn du ikkje sriracha på butikken kan du nytte raud chili eller sweet chilisaus i staden. Smak deg fram for å kjenne kor sterk du vil ha den!

nuddelsuppe med grønsakerDersom du vil ha suppa heilt vegetarisk byttar du berre ut hønsekrafta med grønsakskraft, men pass på at du vel ei god kraft eller ein god fond/buljongterning. Suppa vil sjølvsagt få mykje av smaken sin frå krafta, og då gjeld det at den er så god som mogleg.

asiatisk suppe

Oppskrift på Asiatisk nuddel og grønsaksuppe

4 porsjonar / Tid: 20-30 min

  • 1 liter hønsekraft (eller grønsakskraft)
  • 4-5 østerssopp (eller aromasopp)
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 vårløk
  • 2 gulrot
  • 1/2 raud paprika
  • 2,5 cm ingefærrot
  • 1 ts sriracha
  • 2 ss tamari (soyasaus)
  • 200 g risnudlar
  • Frisk koriander
  • 1 lime i båtar
  1. Sidan suppa kjem til å smake like godt som krafta gjer er det om å gjere å ha ei best mogleg kraft. Finn den beste du har anten heimelaga eller frå butikken.

  2. Del opp sopp, vårløk, gulrot, ingefærrot og lime.

  3. Kok opp krafta og legg i risnudlane, skru ned varmen slik at dei berre får trekke. Dette tek 5-7 minutt.

  4. Fordel risnudlar og grønsaker i skåler og aus over den varme krafta. Anten kan du smake til krafta med tamari og sriracha før du auser opp, eller så kan kvar og ein smake til si suppe. Dette er supert når det både er born og vaksne som skal ete.

  5. Server suppa med frisk koriander og lime.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.