Virgin Mojito

Virgin Mojito er mitt bidrag i #oppskriftsutfordringen januar 2017 som Julia bak bloggen Magevennlig mat har utfordra til. Utfordringa går kvar månad der vi norske matbloggarar utfordrar kvarandre i å lage ulike rettar, eller som denne måneden: drinkar. Det er jo glimrande både for meg og deg å få ny inspirasjon, og kanskje er det slik at du oppdagar ein ny blogg som du likar ekstra godt?

virgin mojito
Julia har akkurat gitt ut kokebok og har ein veldig fin blogg som er verdt å sjekke ut, både om du har behov for magevennlige oppskrifter eller ikkje. Oppskriftene kan sjølvsagt nyttast av alle, og bileta er nydelege å sjå på.

Virgin Mojito

Mojito er ein av mine favorittar, og virgin versjonen er nett like god som orginalen om du vil lage deg noko godt å drikke ein kveld. For å få den heilt perfekt har eg sjekka med mi gode Kuala Lumpur-veninne Kari korleis det helst skal gjerast. Ho har nemleg både erfaring frå baksida av bardisken og frå testing av Mojito i Kuala Lumpur og Bangkok. Dei to sistnemnde saman med undertegna;)

hjemmelaget mojito

Brunt sukker må til for å få den beste smaken, men har du ikkje det kan du sjølvsagt nytte kvitt sukker i staden. Mynte er kanskje det som er vanskelegast å finne på matbutikkane her i distriktet, men det finnast som regel på ein av dei. Så gjeld det berre å finne ut kva for ein det er!

PS.Du bør sjølvsagt ha massevis av is i drinken, og ikkje type smelta isbitar som det dessverre blei på desse bileta.

drikke oppskriftsutfordringen

Fleire bidrag til #oppskriftsutfordringen finn du her:

Mia bak bloggen Mias mat sin Ingefærsirup og ingefærbrus
(Fleire kjem)

 

Oppskrift på Virgin Mojito

1 porsjon / Tid: 10 min

  • 1 lime
  • 20-25 mynteblad
  • 2 ss brunt sukker eller kokosblomstsukker
  • 1-2 dl knust is
  • 1-2 dl kullsyrevatn
  1. Vask limen godt, og del den i åtte båtar. Spar to til pynt og ha resten i ein morter (eller eit vidt glas som tåler litt røff behandling) saman med sukker og mynteblad.

  2. Mos godt slik at du får ut limesaft og myntesmak og sukkeret blir godt blanda inn.

  3. Ha over i eit glas og avslutt med isbitar og kullsyrevatn.

  4. Pynt med friske mynteblad og limebåtane.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.