Grøn juice med eple og ingefær

Grøn juice med eple og ingefær er frisk og god med eit lite sting frå ingefæren. Nydeleg drikke når du har lyst på noko litt meir spanande å drikke enn vatn, og veldig lett å mikse saman om du har ei juicemaskin eller ein kraftig blender ståande på kjøkkenbenken din.

Grøn juice med eple og ingefær

Grøn juice med eple og ingefær

Frisk juice er best når den er heilt fersk, men du kan oppbevare det som blir til overs i kjøleskap til dagen etter. Juicen vil skilje seg, men om du har den i eit syltetøyglass med lokk er det berre å gi den ein kjapp shake så er den klar til å drikkast.

Server gjerne juicen over isbitar i eit fint glas, gjerne med stett. Alltid meir stas å drikke frå glas med stett!

Grøn juice med eple og ingefær

Oppskrift på Grøn juice med eple og ingefær

2 porsjonar / Tid: 10 min

  • 1 grønt eple
  • 1 pære
  • 1/2 agurk
  • 1/2 lime
  • 1/2 ts riven ingefærrot
  • 1-2 dl isvatn
  1. Del eple og pære i bitar slik at kjernene og stilkane ikkje blir med.

  2. Ha eple, pære, agurk, safta frå limen og riven ingefærrot i ein kraftig blender. Ha i 1 dl isvatn og tilset eventuelt meir om det blir for tjukt.

  3. Nyt frisk juice med sting av ingefærrot.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.