Reklame

Cashew-kaffi

Cashew-kaffi er krema og smakfull kaffi som du lagar med to ingrediensar. Cashewsmør og kaffi rett og slett! Perfekt kaffi når du er sugen på noko godt, eller i staden for mjølk i kaffien.

Cashew-kaffi

Cashew-kaffi

Cashew-kaffe

Cashewsmør er cashewnøtter malt lenge nok til at det blir smør, og dermed får du i deg alt det gode frå nøttene når du drikk denne kaffien. Dette er kilde til protein og kostfiber, og nøttene har eit høgt innhald av magnesium, jern og sink. Cashewsmør er populært å ha både i smoothie og smoothie-bowl, men du bør teste det i kaffi også. Superdigg og nydeleg nøttesmak!

Cashew-kaffe

 

 

Oppskrift på Cashew-kaffi

1 porsjon / Tid: 3 min

  • 1 kopp svart kaffi
  • 1 ts Helios cashewsmør
  1. Køyr saman kaffi og cahewsmør i ein blender eller med ein stavmiksar til det er krema og heilt blanda.

  2. Nyt.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!