Reklame

Heimelaga mandelmjølk

heimelaga mandelmjølk

Mandelmjølk er etterkvart å finne på dei fleste butikkar, men om du har lyst til å lage din eigen heimelaga mandelmjølk kan du lett gjere det. Du treng ikkje meir enn mandlar og vatn for å få det til, og litt tid.

heimelaga mandelmjølk

Heimelaga mandelmjølk

Mandlane bløytlegg du over natta, før du køyrer dei saman med kaldt vatn. Ei lita runde i ein nøttepose eller i eit klede, og vips så har du heimelaga mandelmjølk.

hvordan lage mandelmelk

Dersom du vil ha litt søtare smak på mandelmjølka kan du tilsette litt vaniljepulver eller køyre ein daddel saman med mandlane før du siler av. Eller tilsette litt sukker då sjølvsagt, om du vil ha det ekstra søtt. Det er heilt opp til deg:)

hjemmelaget mandelmelk

Vil du ha fleire oppskrifter med bruk av mandel? Sjekk ut her.

Oppskrift på Heimelaga mandelmjølk

1 liter / 5-6 porsjon / Tid: 30 min + bløytlegging

  • 150 g Helios mandlar
  • 1 liter vatn
  • 1 klype vaniljepulver (kan sløyfast)
  1. Legg mandlane i bløyt over natta.

  2. Hell av bløytevatnet og skyl mandlan i eit dørslag. Ha mandlar og nytt kaldt vatn, saman med søtinga om du vil, i ein blender og køyr til det er ei jamn blanding.

  3. Legg eit linklede/kjøkkenhåndkle eller nøttepose over ein bolle og hell blandinga gjennom. La sile av slik at du sit igjen med mandlemassen, såkalla pulp, i kledet. Hell mjølka over på flaske og oppbevar i kjøleskap. Mjølka held seg i 3-5 dagar i kjøleskap.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.