Helstekt kylling

Helstekt kylling er perfekt søndagsmiddag. Den krev nesten ingen førebuing, og treng berre god tid i omnen for å bli perfekt. Etter å ha lese fleire plassar at det er best å ikkje binde opp kyllingen med hyssing blei det endå enklare å lage denne retten.

helstekt kylling

Fyll på med grønsaker i ei form, og legg kyllingen på toppen. La det kose seg i omnen medan du gjer andre ting, og bruk den nydelege sjyen som blir til å lage ein enkel saus. Du kan gjere det enkelt og servere kokt ris til, eller lage endå meir grønsaker og setje i omnen saman med kyllingforma.

helstekt kylling

Dette er perfekt mat å lage til søndagsmiddag både fordi det frigjer tid til andre ting og du kan invitere gjestar utan at det krev noko særleg meir kokkelering, og fordi det ofte gir nydelege restar som du kan nyte i veka som kjem.

rotgrønsaker

Kjøp med deg ein heil kylling neste gong du er i butikken og prøv du også då vel:)

Og du: Legg skroget i frysaren og kok nydeleg, helsefremjande kyllingkraft ein dag du har tid!

hel kylling i ovn

Oppskrift på Helstekt kylling

4 porsjonar / Tid: 2 t

Kylling

  • 1 kylling (1,2-2 kg)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1-2 gulrot
  • 2 stenger selleri
  • 1 eple
  • 2 poteter
  • 1/2 sitron
  • 1 ss smør
  • salt og pepar

Omnsbakte grønsaker

  • 1 stor søtpotet
  • 2 gulrot
  • 5-6 poteter
  • 2-3 stenger selleri
  • 2 brokkoli-stilkar (kan sløyfast)
  • 3-4 sjalottløk
  • 2-3 ss olivenolje
  • 1 neve frisk rosmarin
  • salt og peppar

Saus

  • Steikesjy frå kyllingen
  • 1 ss maizena
  • 2 ss kaldt vatn
  1. Set omnen på 250 grader over- og undervarme.

  2. Skyl kyllingen godt både på inn- og utsida. Tørk godt med kjøkkenpapir.

  3. Del løk og grønsaker til kyllingen i grove pitar og legg utover ei lita langpanne.

  4. Losne litt på skinnet på oversida av kyllingen og ha halvparten av smøret under skinnet, og gni resten utover heile kyllingen. Krydre med salt og peppar og legg kyllingen over grønsakene.

  5. Set kyllingen midt inn i omnen, og skru ned temperaturen til 190 grader.
    La kyllingen steike i ca 1 time og 20 min, sjekk ved å stikke ein spiss kniv inn i lårfestet. Safta som renn ut skal vere klar om kyllingen er ferdig.

  6. Skrell og del alle grønsakene i grove bitar, ringle over olivenolje, krydder, salt og peppar. Når det er 30 min igjen av steiketida set du grønsakene inn i omnen under kyllingen.

  7. Ta ut kyllingen, men la grønsakene nederst i omnen få stå og steike vidare, medan du lagar saus og deler opp kyllingen. Auk temperaturen til 200 grader.

  8. Løft kyllingen ut av forma, og dekk den til med aluminiumsfolie. Kyllingen må kvile før du deler den, slik at ikkje all safta forsvinn. Lag sausen medan du ventar.

  9. Sil av sjyen av kyllingen og grønsakene, og ha i ei lita kasserolle. Grønsakene kan du anten severe eller kaste, det er opp til deg.
    Kok opp sjyen og spe med litt vatn om det er lite. Rør ut maizena i litt kaldt vatn og ha i, kok opp og la småkoke. Smak til med salt og peppar.

  10. Sjekk at grønsakene i omnen er gjennomsteikte og møre, dei treng som regel 45-50 min total steiketid.

  11. Del opp kyllingen ved å skjære ut bryst- og lårstykka og dele dei i mindre bitar. Server gjerne kyllingvingane også. Server kylling, grønsaker og saus, og nyt eventuelle restar i ein nydeleg lunsj dagen etter.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.