Grilla lammekotelettar med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing er deilig grilla kjøtt med frisk mynte på toppen. Pass på at du grillar på høg varme dei første minutta slik at du får med den gode grillsmaken på kjøtet.

grillede lammekoteletter med myntedressing

Lam er kanskje den kjøtsorten som er minst kontroversiell å servere uansett kultur og religion, og noko vi absolutt bør servere meir enn som fårikål, pinnekjøt og lammesteik. Lam som får gå ute mest heile livet sitt, fritt i den norske naturen er ei av dei beste råvarene vi kan få, og det er difor all grunn til å nytte seg av den.

lammekoteletter

Til lammekotelettane serverte eg myntedressing laga som ein vri av den tradisjonelle tzatzikien. Mynte og lam passar glimrande i lag, og er du så heldig å finne frisk mynte på butikken er det berre å kjøpe inn! Finn du ikkje mynte kan du servere dressingen utan, som tzatziki i staden.

Har du lyst på noko ekstra krema til kotelettane kan fløtegratinerte poteter anbefalast, gjerne saman med grilla grønsaker. Håper maten fell i smak! Velbekomme!

grilla lammekotelettar med myntedressing

Oppskrift på Grilla lammekotelettar med myntedressing

4 porsjonar / Tid: 30 min

Lammekotelettar

  • 4 lammekotelettar
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ss balsamico
  • 2 ss mynteblad
  • 1 klype chilipulver
  • salt og peppar

Myntedressing

  • 200 ml gresk yoghurt
  • 1/2 agurk
  • 1 fedd kvitløk
  • 5-6 ss finhakka mynteblad
  • salt og peppar

Salat

  • 1 agurk
  • 10-12 småtomatar
  • 20 grøne oliven
  • 1 liten rødløk
  • 2-3 ss god olivenolje
  • salt og peppar
  1. Rør saman marinaden til kjøtet og la kjøtet marinere i minst 20 minutt, gjerne over natta.

  2. Lag myntedressing ved å rive agurken på eit grovt rivjarn, press kvitløk og hinhakke mynteblad. Rør saman alt og smak til med salt og peppar.

  3. Lag salat ved å dele alt i små bitar. Ringle over olivenolje og krydre raust med salt og peppar.

  4. Grill lammekotelettane på høg varme nokre minutt på begge sider før du let dei bli ferdige på låg/indirekte varme.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.