Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld til gode vener.

prepping av mat krema alt i ett pasta

Spagettien kan du erstatte med anna type pasta, eller velje ein glutenfri type om det er ønskjeleg. Finn du ikkje ruccola på butikken kan du nytte anten frosen eller fersk spinat i staden. På fløyteområdet kan du velje fritt om du vil bruke kremfløyte eller matfløyte, her er det berre å leite i kjøleskapet og bruke det du har.

krema kylling og spagetti

Tipset er å dele opp alt før du går i gong, då er den kjedelege biten gjort og så er det berre å ta sjarmørettapen med å blande ingrediensane i rett rekkefølgje etterpå. Ha ein god middag då:)

krema kylling med spagetti

Oppskrift på Krema kylling og spagetti

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 3 skriver bacon
  • 250 g kyllingfilet
  • 1 rødløk
  • 2 sjalottløk
  • 3 fedd kvitløk
  • 2 dl fløyte
  • 50 g ruccola
  • 50 g parmesan
  • salt og peppar
  • 300 g spagetti
  1. Set over ei stor gryte med lettsalta vatn og kok spagettien al dente medan du lagar klart resten.

  2. Del bacon i bitar og fres til dei er sprø, legg over på ein tallerken. La baconfettet vere igjen i gryta.

  3. Del kylling i bitar og fres i baconfettet til dei er bruna og gjennomsteikte, legg over på tallerken.

  4. Del løk i terningar og finhakk kvitløk. Surr i gryta til løken er blank. Ha bacon og kylling tilbake i gryta og hell over fløyta.

  5. Kok opp og la småkoke til spagettien er ferdig. Hell då av kokevatnet på spagettien og rør inn i kremsausen.

  6. Vend inn ruccola, ha over parmesanskiver og krydre raust med salt og peppar.

  7. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.