Krema sopp

Krema sopp er noko av det beste ein kan lage av nyplukka sopp frå skogen, kanskje med unnatak av heilt enkel sopp steikt i smør med salt og peppar. Men når ein er mett på det og har lyst på noko litt anna, då er det tid for den krema versjonen!

traktkantarell finne

Å plukke sopp i skogen har blitt ein favorittaktivitet her i heimen, og det å kunne tusle rundt i skogen nesten utan mål og meining gir verkeleg ro i sinnet. Vi plukkar kantarell og traktkantarell, som blir tørka og oppbevart for deilige sopprettar gjennom heile året.

traktkantarell

Kantarell er kjekk å starte med sidan den ikkje har nokon art som liknar som er farleg for oss. Rett nok finnast falsk kantarell som liknar ganske mykje, men som ikkje blir rekna som ein matsopp. Ingen fare altså om du plukkar med deg nokre av dei. Søkjer du på youtube finn du fleire videoar der ein kan lære triks for å skilje desse to, eller så kan du høyre med ein soppkontrollør på neste soppdag.

plukke traktkantarell

Traktkantarell er ny av året for oss, men ei fryd å plukke! Den er det ikkje like mange som plukkar som kantarellen, og dermed er det ganske lett å finne den sjølv i populære skogar. Den veks i grupper og det betyr at finn du ein sopp finn du gjerne 10-15 stk. Den har ribber under hatten slik som kantarell, men fargen på hatten går meir i eitt med naturen og er difor vanskelegare å oppdage. Stilken er gulaktig og hol inni. Eg legg ved nokre bileter i tilfelle du fekk lyst å leite etter denne soppen du òg.

hvor finne traktkantarell

Men du! Ikkje et sopp du ikkje er sikker på, og ikkje bland usikker sopp med den trygge soppen i korga. Nyresvikt..? Nei takk!

stekt kantarell

For å lage krema sopp kan du nytte både creme fraiche, kremfløyte, kremost eller matfløyte for å få den soppen deilig og fløyelsmjuk, og ein av dei ingrediensane finnast som regel i eit kvart kjøleskap;)

krema sopp

Oppskrift på Krema sopp

1 porsjon / Tid: 10 min

  • 1-2 dl kantarell/traktkantarell
  • 1 ss smør
  • salt og peppar
  • 1-2 ss creme fraiche
  • Frisk timian
  • Brødskive/rundstykke
  1. Børst av jord og rusk frå soppen.

  2. Smelt smør i ei lita steikepanne og steik soppen på middels-høg varme til den har sluppe vatnet og du har fått kokt det vekk igjen, ca 5 minutt med denne mengda sopp.

  3. Rør inn creme fraiche og krydre godt med salt og peppar, steik i 1-2 minutt til.

  4. Server krema sopp på brødskive med smør og frisk timian på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.