Chimichurri

chimichurri

Chimichurri er ein grillsaus frå Argentina eller Sør/Mellom-Amerika som er genial enkel å lage og super å servere på all grilla mat. Sausen skal ikkje koke, og kan kanskje best samanliknast med pesto -men du treng ikkje kjøkkenmaskin eller stavmiksar for å lage den.

Chimichurri er rause mengder friske urter, løk, chili og olje blanda med noko litt syrleg. Finhakk, bland saman, la trekke for å gi best mogleg smak og server. Grill det du skal grille og hent fram sausen frå kjøleskapet og hell raust over. Genialt enkelt altså. Og enda enklare dagen etter, når sausen allereie står klar i kjøleskapet!

enkel grill saus

Chimichurri

4-6 personar

  • 2 dl frisk bladpersille
  • 1 kinesisk kvitløk (el. 4-5 fedd kvitløk)
  • 1 sjalottløk
  • 3 ss frisk oregano
  • 2 ss frisk koriander
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1 raud chili
  • 1,5-2 dl god olivenolje
  • 3 ss rødvinseddik
chimichurri

Slik gjer du:

    1. Finhakk urter, kvitløk, sjalottløk og chili.
    2. Bland saman alt, krydre og rør inn rødvinseddik og olivenolje.
    3. La trekke i minst 1 time før servering for best smak.

Grill det du skal grille, og server med digg chimichurri på toppen.

argentisk saus

TIPS:

Fyll godt på med olivenolje til alt er dekka, skru på lokk og oppbevar sausen i kjøleskapet for enkle middagar den neste veka. Grill kjøt, fisk, fugl eller grønsaker og server med chimichurri på toppen. Nam!

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.